§1 Namn – juridisk eining

  • Laget sitt namn er Tennfjord og Eidsvik Småbåtlag, heretter kalla TES. TES skal vere registrert i Einingsregisteret og Frivillighetsregisteret (Brønnøysund) og er tildelt org nr. 976 859 111.
  • TES er eit sjølveigd og frittståande juridisk objekt med upersonleg og avgrensa ansvar for gjeld. Ingen enkeltmedlemmar kan disponere over TES si formue, har krav på utdeling av overskot eller hefter for TES si gjeld.

 

§2 Føremål

  • TES har til føremål å samle båtinteresserte i arbeidet for å skape og vedlikehalde eit godt båtmiljø i sikker båthamn i området Tennfjord / Eidsvik.
  • TES har og til føremål å konstruktivt samarbeide med kommune og andre styresmakter og organisasjonar til fordel for medlemmane, samt kjempe mot forureining av sjø og strender.

 

§3 Medlemskap

  • Som medlem kan TES sitt styre ta opp ein kvar båtinteressert som er einig i, og vil arbeide for, TES sitt føremål. Medlemskapet følgjer kalenderåret og vert fornya automatisk om oppseiing ikkje er motteken innan utgangen av året.

 

§4 Medlemsplikter og tilslutning til TES

  • Medlemskap i TES føreset at vedtekter og hamnereglement som er tilgjengelege på TES sin nettstad er lest og akseptert. Ikkje motteken oppseiing av medlemskap vert tolka som medlemmet sin aksept av desse styrande dokumenta slik dei til ei kvar tid er oppdaterte.
  • Kvart medlem har eit sjølvstendig ansvar for skriftleg å oppgje rett e-postadresse og mobiltelefonnummer til TES sin formann og halde slik informasjon oppdatert.
  • Kvart medlem har plikt til å halde seg informert om tidspunkt for organiserte dugnadar ved å sjekke TES sin nettstad, eller ved å kontakte styret.

 

§5 Medlems-kategoriar

  • TES tilbyr to forskjellige medlemskap;
  • A-medlem (dei som har gjort innskot i hamna for å få tilvist båtplass)
  • B-medlem (dei som ikkje har gjort innskot). Avgrensa rettar, sjå nedanfor.

 

§6 A-medlemmar

  • A-medlemmar skal nyte fulle rettar etter desse vedtektene.
  • A-medlemskap gir eit medlem rett til å leggje ut båt i tilvist båtplass.
  • Ved teikning av medlemskap skal TES tildele innskotsbevis.

 

§7 B-medlemmar

  • B-medlemmar skal nyte fulle rettar på TES sine landfasilitetar, og vert prioritert ved ynskje om oppgradering til A-medlemskap framfor dei som ikkje har medlemskap. Sameleis vert B-medlemer prioritert ved ynskje om leige av båtplass utan innskot.
  • B-medlemmar har ikkje stemmerett i årsmøte. Alle medlemmar har likevel lik tale- og forslags rett.
  • Betalt faktura for medlemsavgift tener som medlemsbevis.

 

§8 Medlemsavgift, Båtplassavgift og Innskot

  • Alle medlemmar skal betale medlemsavgift.
  • A-Medlemmar skal i tillegg betale båtplassavgift.
  • Medlemsavgifta og båtplassavgifta følgjer kalenderåret.
  • TES kan velje å fakturere elektronisk på e-post o.l., so vel som manuelt.
  • Innskot og båtplassavgift vert basert på båtplassen sin breidde, senter-senter utriggarar.
  • Innskot for båtplass vert rekna som NOK 10.000,- pr breiddemeter, justert etter norsk konsumprisindeks pr føregåande desember , der indeksen pr desember 2017 vert rekna som faktor 1. (KPI-JAE = 105 for desember 2017).Sjå prisliste i Hamnereglement §13.
  • Medlemmar som har behov for utriggarar ut over standard, kan få dette, men må dekke kostnader ved ekstra båtplassavgift. Dette er gjeldande frå 2018. Standard utrustning til båtplass er: 1 gangriggar a 6m og 1 mellomriggar a 6m.
  • Innskot vert tilbakebetalt ved avslutting av medlemskapet så snart TES har formidla plassen til anna medlem. Der vert gjort frådrag for eit formidlingsgebyr, bestemt av årsmøtet. Tilbakebetalinga vert justert etter konsumprisindeks sameleis som ovanfor. Tilbakebetalinga skjer mot tilbakelevering av innskotsbevis.Sjå prisliste i Hamnereglement §13.

 

§9 Framleige

  • Medlemmane kan ikkje drive privat framleige av sin tilviste båtplass. Plass som ikkje vert nytta kan i samråd med den som disponerer plassen, leigast ut av styret i samsvar Hamnereglementet.Sjå prisliste i Hamnereglement §13.

 

§10 Suspensjon / Eksklusjon

  • Medlem som ved sin oppførsel vekkjer anstøyt og/eller opptrer forargeleg, verkar til skade for TES, eller ikkje retter seg etter TES sine vedtekter og hamnereglar, kan av styret suspenderast, og i grovare tilfelle ekskluderast. Denne avgjerda kan ankast inn for Årsmøtet, som ved alminneleg stemmefleirtal fattar endeleg avgjerd. Eit medlem
    som vert ekskludert mister samstundes retten til å disponere båtplass hos TES.
  • Dersom TES sine avgifter ikkje er betalt innan 1 mnd etter forfallsdato, kan TES sitt styre etter gitt varsel, stryke vedkomande som medlem, og tilvist båtplass vert ført tilbake til TES.
  • Gjeldande for begge avsnitt ovanfor; Oppgjer for innskot ihht §8.

 

§11 Ordinær oppseiing – Avslutta medlemskap

  • Utmelding må skje skriftleg og vere TES sitt styre i hende innan årets utløp for å unngå at medlemsavgift og båtplassavgift for påfølgjande år vert kravd. Avgifter vert ikkje betalt tilbake ved oppseiing i løpet av året.
  • TES skal tilbakebetale innskot til A-medlemer ihht §8.

 

§12 Arv og overtaking innan familie

  • Eit medlem kan vidareføre tilvist plass til næraste familie. Overtakinga må dokumenterast skriftleg, anten med signatur frå utgåande medlem og innkomande medlem, eller dokumentert arveoppgjer.
  • Innskotsbevis frå utgåande medlem skal leverast inn og skrivast ut til nytt medlem. TES vil då rekna det nye medlemmet som rettmessig eigar av innskotet.

§13 Dugnadsplikt

  • Alle medlemmar i alder opp til aldersgrense fastsett av årsmøtet, må pårekna årleg dugnadsplikt.
  • Dugnadsarbeidet på landfasilitetane skal fordelast likt mellom alle medlemmane. Dugnadsarbeidet på bryggjene skal fordelast likt mellom A-medlemmane.
  • Årsmøtet fastset pliktig tal på timer for respektive A-, og B-medlemmer, og kva timesats eit medlem må betale for dugnad som ikkje er utført.

 

$14 Styrande organ

TES sine styrande organ er:

1)  Årsmøte

2)  Styret

3) Komitear utnemnd av styret eller årsmøtet

 

$15 Årsmøtet

  • Årsmøtet er TES sitt øvste organ og vert halde kvart år innan utgangen av mars.

 

$16 Årsmøtet – Innkalling

  • Medlemmane vert kalla inn med 3 vekers varsel ved SMS eller e-post.
  • Styret kan sende innkalling til Årsmøte og anna informasjon pr e-post. Informasjon om tilfeldige saker / innkomne forslag vert ikkje nødvendigvis greia ut om i innkallinga, men innkallinga skal då vise vidare til TES sin nettstad eller andre kjelder som gjev slik informasjon.
  • Den som må ha innkallinga og informasjonen via ordinær post må aktivt bestille dette frå TES sin formann.

 

§17 Årsmøtet – Forslag

  • Saker som ein ynskjer behandla på Årsmøtet må beskrivast for TES sitt styre seinast 15. februar.

 

§18 Årsmøtet – Agenda

  • Saksgang i Årsmøtet skal vere;
  • Registrering av frammøte
  • Godkjenning av innkalling og sakliste
  • Val av møteleiar
  • Val av referent
  • Val av 2 personar til å underskrive årsmøteprotokoll
  • Årsmøtet behandlar deretter;
  • Årsmelding
  • Revidert rekneskap
  • Planar og budsjett for det komande år inkludert
  • Fastsetjing av nye satsar i prisliste i Hamnereglementet §13
  • Øvrige oppdateringar av Hamnereglementet
  • Innkomne forslag
  • Gjennomføre val på:
    -Formann                   (vald for 1 år ved  direkte val)
    -Styremedlemmar      (vald for 2 år (*) for å erstatte                                                                                                            utgåande styremedlemmar)
    -Valkomité                 (3 medlemmer)
    -Revisor

(*) Styret skal setjast saman slik at kontinuiteten vert sikra. Styremedlemmar kan                        veljast for 1 år for å få dette til.

  • Årsmøtet er vedtaksført når det er innkalla i samsvar med vedtektene. Vedtak i årsmøtet vert avgjort med alminneleg fleirtal, men endring av vedtekter og oppløysing av TES er særskilt omhandla av vedtekter nedanfor.Ved stemmelikskap gjer den fungerande formannen si stemme utslaget.
  • Tillitsverv kan ved val gjevast alle medlemmane. Alle kan mota attval, men har rett til å nekte attval for like lang tid som dei har fungert som tillitsvald.

 

$19 Styret – Samansetjing

(1) Tes skal leiast av eit styre vald blant A-medlemmane, som følgjer;

-Formann,                  overordna

-Nestformann             medl.reg ajour, adm salg/utleige, bruk av straum/vatn

-Kasserar                    økonomi, fakturering, budsjett,

-Styremedlem nr 1     Hamnefogd; tilstand bryggje, slipp, hall , all fortøying,                                                                    organisering av dugnad

-Styremedlem nr 2     Husfogd; tilstand og utleige, overvaknings-syst. for hus                                                                 og hamn

-Varamedlem.

  • Formann og kasserar vert vald av årsmøtet direkte, medan dei resterande rollene vert fordelt av styret sjølv og gitt til kjenne på TES sin nettstad straks etter første styremøte. Varamedlem skal kallast inn ved melding om forfall, men varamedlem kan og møte i fulltalig styre utan stemmerett, men med talerett.

 

§20 Styret – Oppgåver og ansvar

  • Styret har det administrative mynde, representerer TES eksternt, utfører alle aktuelle forretningar, kallar inn til møter og har ansvar for TES sin økonomi i samsvar med budsjett vedteke på Årsmøtet, og tek i vare TES sine ansvar elles.
  • Styret har mandat til å overskride kostnadsbudsjettet med inntil 10%. Overskridinga kan vere både i sum over dei budsjetterte utgiftspostane, og utgiftspost som ikkje er budsjettert. Større overskriding krev avgjersle i Årsmøtet.
  • Styret utnemner dei komiteane og utvala som er nødvendige for å løyse bestemte oppgåver med mindre desse vert valde på årsmøtet. Styret avgjer også rammene for oppgåvene slike komitear skal utføre.
  • Styret held møte så ofte dei finn det nødvendig og skal legge fram for det ordinære årsmøtet ei Årsmelding om TES si drift, og revidert rekneskap.
  • Styret kan gjere vedtak når formann/-nestformann og minst 2 styremedlemmer er til stades. Formann og eit styremedlem pliktar i fellesskap med sine underskrifter TES like overfor tredjemann. Formann og kasserer signerer på fakturaer over 75 000 Nok.

 

$21 Valkomite

  • Valkomiteen leverer si innstilling til Årsmøtet gjennom styret, seinast 14 dagar før årsmøtet.

 

$22 Ekstraordinært Årsmøte

  • Styret kan når det finn det nødvendig, og skal, når minst 25 medlemmar krev det, med skriftleg angitt dei sakene medlemmane ynskjer handsama, innkalle til Ekstraordinært Årsmøte. Når krav frå medlemmane utløyser Ekstraordinært Årsmøte, skal styret sende ut innkalling seinast ei veke etter mottatt krav frå medlemmane.

 

  • Innkallinga skal sendast ut 8 til 16 dagar før det Ekstraordinære Årsmøtet og skal angi dei sakene som skal handsamast.

 

$23 Endring av Vedtekter

  • Vedtektene kan endrast både i ordinært og Ekstraordinært Årsmøte. Vedtak må fattast med 2/3 fleirtal av dei frammøtte.
  • Forslag til endring av-, eller tillegg til disse vedtektene skal leggjast fram i innkallinga.

 

§24 Oppløysing / Samanslåing

  • Oppløysing eller samanslåing med andre lag kan berre skje ved vedtak på ordinært Årsmøte etter at saka har vore varsla i innkallinga. Vedtak om oppløysing / samanslåing må ha 2/3 fleirtal og minst 25% av A-medlemmane må vere til stades på møtet. (Stemmerett berre for A-medlemmer, ref §7).
  • Etter at avgjerd om oppløysing er gjort skal styret sitt forslag til avvikling handsamast og avgjerast ved alminneleg stemmefleirtal.
  • Årsmøtet som vedtek oppløysing skal gjere val av styremedlemmer på vanleg måte. Dette avviklingsstyret har ansvar for drift av TES i avviklingsperioden og for å gjennomføre oppløysinga, gjere opp TES sine forpliktingar, og overføre moglege resterande midlar til ein særskilt bankkonto der dei er dedikerte til bruk som eigenkapital for eit nytt småbåtlag i området Tennfjord / Eidsvik.
  • Ei slik overføring av midlar til nytt småbåtlag føreset at nytt småbåtlag er stifta før oppløysinga av TES er fullbyrda. Til liks med TES, skal det nye småbåtlaget vere opent for alle å teikne medlemskap i.
  • Årsmøtet som vedtek oppløysinga, kan alternativt vedta å overføre resterande midlar til andre opne, frivillige foreiningar i området Tennfjord/Eidsvik. TES sine verdiar, sin eigedom, eigedelar, eller rettar, kan ikkje i noko tilfelle tilfalle eller tildelast enkeltpersonar, i eller utanfor TES, utanom tilbakebetaling av innskot ihht §8.
  • Samanslåing er berre mogleg når vedtektene til det nye samanslåtte laget er tufta på openheit og frivilligheit som beskrive i disse vedtektene.

 

§25 Gyldigheit

  • Vedtektene ovanfor gjeld frå dato på Årsmøtet som vedtek vedtektene/endringane.