§1 Organisering

  • Styret gjer vedtak med omsyn til drift og vedlikehald av TES sitt anlegg, innanfor rammene av vedtekter og årsmøtevedtak.
  • Styret utnemner og myndiggjer komitear og grupper som nødvendig for å løyse dugnadsoppgåver.

(3) Når dette reglementet viser til medlemmar i TES sitt styre, kan medlemmet kontakte den som høver best etter følgjande ansvarsfordeling; (kopi frå vedtektene §19)

  1. Formann,              overordna
  2. Nestformann,      medlems register, administrere salg/utleige, bruk av straum/vatn
  3. Kasserar,               økonomi, fakturering, budsjett,
  4. Styremedlem 1,  Hamnefogd; tilstand bryggje, slipp, hall , all fortøying, org dugnad
  5. Styremedlem 2, Husfogd; tilstand og utleige, overvakningssystem for hus og hamn

TES sin nettstad er å finne på www.tes.as

Epost-addresser;

  1. formann@tes.as
  2. nestformann@tes.as
  3. kasserer@tes.as
  4. styremedlem1@tes.as
  5. styremedlem2@tes.as

§2 Generelt

  • Ved tvist mellom medlemmer kva angår tolking av Vedtektene og Hamnereglane skal styret vere tvisteinstans.
  • Båtplassen skal berre nyttast til den båten som medlemmet, eller næraste familie, eller nokon i same husstand disponerer (eig/leiger). Framande båtar, eller båtar med manglande merking som vert fortøydd i medlemsplasser, vert sjekka med den som har fått plassen tilvist, og eventuelt bortvist.
  • Det er kun styret som har lov å iverksette tiltak av varig karakter på bryggjene. (boring, sveising, sliping, justering av plassbreidde, mm)
  • Parkeringsplassen utgjer alt opparbeidd areal tilhøyrande hamna og skal berre nyttast til parkering av bil og evt båthengar som inngår i dagleg omløp og drift av hamna. Plassering av bil, båt, tilhengar m.m. over tid er berre tillate mot særskilt avtale om opplagsplass, sjå §13 prisliste. Alle hengarar skal merkast med namn.

§3 Varsomheit – Ansvar – Forsikring

  • All bruk av hamna (opptrekk, utsetting, transport, opplag av båtar i hamna, all ferdsel på området, mm) skjer på kvart enkelt medlem sitt eige ansvar.
  • Den som påfører skade på TES sin eigedom eller utstyr plikter å erstatte skadane.
  • Alle brukarar av hamna pliktar å straks melde frå til styret om ein kjem over skadar, eller forhold som kan føre til skadar.
  • Alle plikter å vise størst mogleg varsemd ved manøvrering i hamneområdet, og unngå å skape sjøar som påfører slitasje eller irritasjon.

§4 Utleige

  • Styret administrerer utleige av Båtplassar, samt tilgang til slipp, slippvogn, hall, opplagsplass, og hamnestova etter denne og dei andre paragrafane nedanfor, og etter prisliste i §13.

§5 Bryggjer – Tildeling av plass

  • Styret tilviser båtplass både for dei som har innskot og dei som leiger båtplass. Styret har rett til å rokere til ei kvar tid slik som det høver best for TES som fellesskap.
  • Endring av breidde på båtplass skal meldast til styret, som så langt som råd skal tildele endring i den rekkefølge ynskja har kome inn. Ynskje om endring frå eksisterande A-medlemmar skal gå føre ynskje om båtplass frå B-medlemmar, som igjen er prioriterte framføre ikkje-medlemmar.
  • Leigetakar skal følgje alle vedtekter og regler på same måte som ordinære medlemmar.

§6 Bryggjer – Bruk og Fortøying

  • Ved fortøying pliktar båteigar å sjå til at utriggarar har lengde som er tilpassa båten, og ved tvil kontakte styret. Ved første gongs fortøying av båtar over 30 fot skal styret kontaktast uansett.
  • Båtar lengre enn 18 fot skal ha fendring på kvar side som effektivt hindrar skroget å kome i direkte kontakt med utriggar. Det skal vere forsvarleg klaring mellom båt og utriggarar.
  • Alle båtar større enn 18 fot skal ha strekkavlaster på fortøying til begge sider, både forut og akter. Det skal berre fortøyast i fortøyingsbeslaga på utriggarane. Det er ikkje lov å bruke metall i feste mot beslaga på utriggarane ettersom det vil skade korrosjonsbeskyttelsen på utriggaren.
  • Alle må bruke forsvarlege og tilstrekkeleg dimensjonerte fortøyingar for å sikre sin eigen båt, og anlegget som heilheit.
  • Ved uver skal båteigar sjå til at ekstra fortøying vert lagt ut om nødvendig.
  • Segl/mesansegl må takast ned og mesanbom svingast inn/opp når båtane ligg i bryggjene.
  • Båtane må ikkje plasserast slik at baugspyd/anker o.l. stikk vesentleg inn over gangbryggje utan å avklare dette med styret.

§7 Slipp og Slippvogn

  • Slippen kan fritt nyttast av medlemmar, eller andre som har betalt avgift. TES kan anvende låst stengsel på slippen for å hindre at uvedkomande brukar han. All bruk er på eige ansvar. Spesielt minner TES alle brukarar om å kontrollere friksjonsforholda i slippen, og anvende sikring om nødvendig, for å unngå at ekvipasjar sklir. TES gjer rein slippen for algar kun med ujamne mellomrom. Slippen kan difor ha god friksjon der den er tørr, men lav friksjon og fare for å skli der slik groe er våt.
  • Slippvogna og vinsjen må kun betenast av utnemnde personar som har opplæring. Informasjon er å finne på TES sin nettstad.

§8 Hamnestova

  • Hamnestova kan nyttast som møtestad for medlemmane i TES, både formelt og sosialt. Formell bruk har prioritet framføre bruk til sosiale aktivitetar.
  • Tilgang til Hamnestova vert regulert enten med nøkkelkopi til alle medlemmar, eller kodelås som gir alle medlemmar lik tilgang.
  • Den som leiger / nyttar huset pliktar å unngå skade på hus og inventar, samt å gjere reint etter seg. Kravet om reinhald gjeld spesielt når WC-fasilitet vert nytta, der ein understrekar at TES ikkje har løna reinhaldarar.
  • Inngangspartiet til Hamnestova vert overvaka med kamera.
  • Hyblar på loftet kan leigast ut slik styret finn det tenleg. Styret er ansvarleg for å ivareta branntryggleik, t.d. brannvarslarar, brannsløkkjeutstyr, rømmingsvegar, mm.

§9 Vedlikehald

  • Kvart medlem må sjølv sørge for mindre vedlikehald av tilvist båtplass, her medrekna fjerning av groe, tang og tare. NB; Boring, sveising, sliping, justering av plassbreidde mm, er ikkje lov å utføre på eige initiativ.
  • Dersom det skulle oppstå feil eller manglar ved båtplassen som den enkelte ikkje kan ordne sjølv, skal styret kontaktast.
  • Vedlikehald av hamna vert organisert av Styret. – Dugnadsplikt ihht vedtekter
  • Alle medlemmar er ansvarleg for å rapportere utført dugnad seinast ved ordinært årsmøte.

§10 Orden – Forureining

  • Bryggjene skal haldast fri for teiner, garn, tauverk, o.l. ettersom dette skjemmer ut hamna og utgjer snublefelle. Ein må ikkje på nokon måte skitne til nabobåtane.
  • Slakting av fisk langs bryggjene, eller på land er ikkje tillate. Fiskeavfall skal ikkje etterlatast i hamna. Hamn, båtar og bryggjer skal holdast reine for fiskeavfall og anna søppel bl.a. for å hindre at fuglar og dyr grisar til anlegget.

§11 Straum – Vatn

  • Vatn er til vederlagsfri bruk for alle medlemmane i TES.
  • Straum er tilgjengeleg for alle medlemmar for kortvarig bruk under oppsyn, ved arbeid på båt og hamn, slik som; batterilading, støvsuging, sliping, vasking o.l.
  • Forbruk av straum til oppvarming / tørking av båt, og anna permanent eller straumkrevjande bruk er berre tillate etter avtale med styret, og skal betalast særskilt. Straumforbruket skal dokumenterast med plombert straummålar medlem sjølv må halde, eller på anna konservativt vis beregnast.
  • Tilkopling av straum om bord vil føre til auka fare for brann om bord, og fare for galvanisk korrosjon som også kan skade båtar i nærleiken. Styret kan difor krevje ei synfaring om bord før tilkopling vert akseptert. Medlemmen har uansett det fulle ansvaret for at anlegget fungerer feilfritt og har ansvaret om feil skulle oppstå.
  • Bruk av skilletrafo på anlegget om bord for å redusere risiko for galvanisk korrosjon vert anbefala.
  • Straumkablar skal vere minimum 1,5 mm2 (x3) gummikabel av type Ho7RN-F eller tilsvarande marint godkjent kabel. Kablane på bryggene skal ha tørre støpsel, vere fri for irr/korrosjon/skadar og vere utan skøyter mellom straum-uttak og båt.

§12 Identifisering – Merking

  • Båtane som ligg ved bryggjene skal kunne identifiserast med registreringsnummer eller namn. Kvart medlem med båt i hamna pliktar å sende bilete av ei side av sin båt til bat@tes.as slik at båtar kan identifiserast. Emnefeltet på eposten skal vere medlemmen sitt namn og plassnummer i hamna.Styret har ansvar for registeret over båtane som har fast plass i hamna.

§13 Prisliste

Prisliste – Fastsett i kvart årsmøte

-innskot  2024                                               NOK 12.432,- / breiddemeter båtplass *

(Oppgjer for innskot kan fordelast på to like innskudd dei to påfølgande åra etter tildeling av plass).

-formidlingsgebyr ved eigarskifte              NOK 2.000,-

-medlemsavgift A-medl                                NOK 1.000,-

-medlemsavgift B-medl                                NOK 1.000,-

-båtplassavgift A-medlem                            NOK 900,- / b.m. båtplass

-båtplassavgift tillegg for lang utriggar     NOK 250,-

-båtplassavgift tillegg for 2 x gangriggar  NOK 250,-

-leigesats båtplass uke 35-17                      NOK 200,- pr uke (minimum leietid 8 uker)

-leigesats båtplass uke 18-34                      NOK 300,- pr uke (minimum leietid 8 uker)

-dugnadsplikt aldersgrense fritak              65 år

-dugnadsplikt timetal            A-medlem                  10 timar/år

-dugnadsplikt timetal            B-medlem                  5 timar/år

-dugnadsplikt timesats for frikjøp                NOK 200,- / time

-leigesats for slipp m vogn til ikkje-medl.   NOK 250,- / dag

-leigesats for slipp u vogn til ikkje-medl     NOK 200,- / pr gang m egen bil og henger

-Leigesats for opplagsplass                            NOK 0,-

-leigesats for hall                                           – NOK50/m2/ pr mnd

-straumpris                                                       NOK 1,8 / kWh, ref §11

-leigesats Hamnestova                                   NOK 500,- pr dag eks reingjering

*Innskot er definert som 10.000,-/breiddemeter v årsskiftet 2017/2018 og skal justerast kvart år basert på norsk konsumprisindeks (KPI-JAE) for desember i forkant av årsmøtet ved følgjande utrekning;

Innskot  = (10.000 x «KPI-JAE» frå førre desember) / 105

105 er KPI-JAE for desember 2017

Satsane er gjeldande frå årsmøtedato, men satsar som omhandlar årlege avgifter er gjeldande frå 1 januar, sjølv om årsmøtet er halde nokre månadar seinare.